Styringsgruppa i Ørsta & Volda
Det å vere ei Fairtradekommune inneber ikkje berre eit fint skilt på rådhuset. For at det effektivt skal nå ut til innbyggjarane må det vere støtta av eit breidt engasjement frå ulike sider av samfunnet. Det vil seie både politikarane, næringslivet og lokalsamfunnet må vere med.
I den interkommunale styringsgruppa sit elles frå Ørsta varaordførar Paul Kristian Hovden, Iren Aambø (Framtiden i våre hender) og Knut Stave (Ørsta Sokneråd). Frå Volda sit kultur- og næringssjef Gunnar Andenes, Jostein Stråbø (Volda kyrkjeleg fellesråd), Ingrid Opedal (Volda SV), Kjell Petter Wiik (Framtiden i våre hender) og Geir Helge Nilsen frå Naturvernforbundet Volda/ Ørsta. Samarbeidet i styringsgruppa er svært godt, og ein har vore opptekne av at kommunane skal kome i mål samstundes. I Ørsta vert markeringa lagt til jubileumsmarkeringa laurdag 6. september, i Volda vert det markering dagen før, fortel Hjertenæs.
Styringsgruppa er svært nøgde med at talet på serveringsstader der ein no kan
kjøpe Fairtrade-kaffi er nådd, og at mange av butikkane etter kvart har eit bra vareutval. Etter sertifiseringa kjem arbeidet til å halde fram. Det ligg i korta at både talet på produkt og brukarar skal aukast, og målet vårt er sjølvsagt å få flest mogeleg av innbyggarane i Volda og Ørsta med på laget, seier Hjertenæs. Dette krev kunnskap om Fairtrade og kjennskap til kva produkt som finst. Dette vonar vi å få butikkar og serveringsstader til å gjere enno betre enn i dag, til dømes i form av merking. I tillegg stiller medlemmene i styringsgruppa gjerne opp; i bedrifta, på serveringsstaden eller i butikken, for å fortelje meir om Faitrade.rørsla som etter starten i England har vakse seg stor internasjonalt.
Styringsgruppa
| Navn |
Rolle |
Kontakt |
Tilknytning |
|
Kjell P. Wiik
|
Leder |
kjell.wiik(a)tussa.com
|
Framtiden i våre hender |
|
Paul Kristian Hovden
|
Kommunal kontakt |
paulkh(a)start.no
|
Ørsta kommune (Varaordfører)
|
|
Bente Hjertnes
|
Medlem |
bente.hjertenaes(a)nca.no
|
Kirkens Nødhjelp
|
|
Ingrid Opedal
|
Medlem |
ingrid.opedal(a)aasentunet.no
|
Volda SV
|
|
Gunnar Andenes
|
Medlem |
gunnar.andenes(a)volda.kommune.no
|
Kultur og Næringssjef i Volda kommune
|
|
Jostein Stråbø
|
Medlem |
kyrkjeverja(a)volda.kyrkja.no
|
Volda kyrkjeleg fellesråd
|
|
Knut Stave
|
Medlem |
staveknut(a)hotmail.com
|
Ørsta Sokneråd
|
|
Geir Helge Nielsen
|
Medlem |
ghn(a)hivolda.no
|
Naturvernforbundet Volda/Ørsta
|
|
Beate Brandal
|
Medlem |
- |
Volda Krf
|
| Idun Bergem Lia |
Medlem |
- |
Volda sokneråd
|
|
Iren Aambø
|
Medlem |
- |
Volda og Ørsta FIVH
|
|
Aslaug Marie Topphol
|
Medlem |
- |
Volda KFUM/KFUK
|
Dersom du har informasjon om aktiviteter eller hendelser knyttet til Fairtrade i Ørsta så ta kontakt med andreas.sorensen@fairtrade.no slik at vi kan publisere nyheten her.